Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød (f. 1978) er ein av dei leiande dramatikarane i Skandinavia. Ho debuterte med stykket MEIR på Dramatikkfestivalen i 2002, og braut gjennom for fullt i 2003, da ho vann ein stor svensk-norsk dramatikarkonkurranse med stykket FRANK. Ho skriv både drama, musikalar og scenelyrikk.

Vennerød har alltid hatt eit nært samarbeid med Det Norske Teatret og har skrive for hovudscenen der i produksjonane BIBELEN, ANDRE VERDSKRIGEN og SNØKVIT. Ho mottok Ibsenprisen i 2005, to prisar i 100 og NÅ i 2006, og Eurodram si utmerking for beste stykke omsett til tysk i 2014. Scenebloggprosjektet IKKJE DIREKTE RÅKA vart nominert til Heddaprisen i 2012. 

Vennerød var husdramatikar ved Dramatikkens Hus 2014-16.  I 2018 skreiv ho stykket GOLIAT til opninga av det nye VEGA SCENE i Oslo. For tida er ho med i Bergman Studio på Dramaten i Stockholm, under leiing av Jacob Hirdwall og Lena Endre.

Opplev Maria Tryti Vennerød på Hardanger Musikkfest

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby

8. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 250,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad // Maria Tryti Vennerød

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Bli kjend med diktarskapet til Maria Tryri Vennerød som her vert presentert i ord og tonar! Maria Tryti Vennerød skriv naturleg musikalsk og med rytmisk driv, og er ein ettertrakta ordkunstnar for mange komponistar. Tekstane hennar har høg språkleg energi, ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine.

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 14.00
Pris: 200,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad // Maria Tryti Vennerød

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Bli kjend med diktarskapet til Maria Tryri Vennerød som her vert presentert i ord og tonar! Maria Tryti Vennerød skriv naturleg musikalsk og med rytmisk driv, og er ein ettertrakta ordkunstnar for mange komponistar. Tekstane hennar har høg språkleg energi, ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Kammertimen i Jondal Kyrkje
Joachim Carr // Amalie Stalheim // Benedicte Maurseth // Maria Tryti Vennerød // Kristin Skaare

Konsertarena: Jondal kyrkje

Eit lite tversnitt av heile festivalen. Virtoust kammerspel med Amalie Stalheim og Joachim Carr. Ord og tonar i samspel, med festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og Kristin Skaare. Nytt og gammalt frå folkemusikken, med Benedicte Maurseth. I Jondal blei ei middelaldersk stavkyrke i 1725 riven og erstatta med ei tømmerkyrkje - reist i 1727. Noverande kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1888. Tømmerkyrkja ser ut til å ha blitt reist på den same grunnmuren som stavkyrkja, men då nykyrkja blei bygd måtte ein flytte 30 gravar for at ho skulle få plass. Noverande kyrkje i Jondal er ei stor og flott trekyrkje med god akustikk.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 300,-

Oppskåka
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad // Amalie Stalheim // Annabel Guaita // Nils Økland // Håkon Stene // Kristin Skaare // Joachim Carr // Maria Tryti Vennerød // Mats Eilertsen // Eir Inderhaug // Thormod Rønning Kvam // Leander Djønne // Arvid Resare

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vårt musikalske preikeprogram. Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap: Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

Kjøp billett