Mari Eriksmoen

«Rund, delikat og med ein vidunderleg klang. Mari Eriksmoen si stemme er ein fryd frå start til slutt!» – Le Monde

Frå ho avslutta sine studier ved Operaakademiet i København i 2010, har Mari Eriksmoen hatt det mange aktar for å vera ein kometkarriere. Karrieren nådde eit viktig høgdepunkt då ho debuterte ved Teatro alla Scala i Milano i juni 2013, som Waldvogel i Wagners Siegfried. Nyleg vart ho kåra til ein av dei største, norske operasongarane gjennom tidene. Eriksmoen debuterte ved Den Norske Opera & Ballett allereie som 23-åring i rolla som Adele i Flaggermusen. Same stad har ho også sunge rolla som Olympia i Hoffmanns eventyr, Sophie i Rosenkavaleren og hausta stor suksess som Pamina i Tryllefløyten. Hennar store internasjonale gjennombrot kom då ho på kort varsel overtok rolla som Zerbinetta i Strauss’ Ariadne auf Naxos i Wien for verdstjerna Diana Damrau. Mari Eriksmoen gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Mari Eriksmoen på Hardanger Musikkfest

2. sep., 2023
kl 11.00
Pris: 500,-

Kjærleikens Grøde
Mari Eriksmoen // Christopher Park

Sopran Mari Eriksmoen og pianist Christopher Park gjev ei intim og eksklusiv konsertoppleving i ærverdige Skrivargarden. Lieder og romansar står på programmet - og her er mykje lengsel og grobotn for dei store kjenslene. Skrivargarden på Lofthus er ein unik, svært flott konsertarena med berre 30 plassar.

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

Kjøp billett

3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-

Avslutningskonsert i Kraftkatedralen
Mari Eriksmoen // Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.

Kjøp billett