Har ei flytande og vakker altstemme som ho nyttar med balansert innleving.
Mari gjer solistparti i oratorier og kyrkjemusikalske verk over heile landet, med eit repertoar som strekk seg frå barokken til samtidsmusikken. Ho held også jamnleg konsertar med innslag av norsk folkemusikk, og då spesielt norske folketonesalmer. I februar 2019 slapp ho ein CD kalla “Of Light And Dust” (LAWO Classics) saman med Kammerkoret NOVA og dirigentane Yuval Weinberg og Tore Erik Mohn med blant anna dette repertoaret. Ho har sidan 2015 hatt fast engasjement i Det Norske Solistkor. Under Hardanger Musikkfest 2022 er ho ein av solistane på Stabat Mater-konserten med Terjungensemble.
5. nov., 2022
kl 14.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
To verk over hymna til jomfru Maria, skrive med 286 års mellomrom. Pergolesi og Futrell vert tolka av Terjungensemble, Silje Aker Johnsen og Mari Askvik. Rystande vakker musikk. Konserten og ensemblet er støtta av Kulturrådet - Norsk Kulturfond