Leander Djønne

Leander Djønne, bur og arbeider i Grimo, Hardanger. Han har utdannelse frå Rouge filmskole/ Werner Herzog, Kunstakademiet Malmø (MA), Kunstakademiene i Oslo/Bergen og Staatliche Hochschule für Bildende Künste (Frankfurt am Main). Djønne har hatt fleire soloutstillinger og delteke ved ei rekke gruppeutstillinger nasjonalt og internasjonalt. Djønne sin praksis dreier seg i hovudsak om film, tekst, foto og installasjon.

Opplev Leander Djønne på Hardanger Musikkfest

9. juni, 2019
kl 19.00
Pris: 100,-

Tett på kunsten - Leander Djønne
Leander Djønne

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalkunstnar Leander Djønne i samtale med Lars Korff Lofthus. Djønne si praksis beveger seg mellom film, tekst, foto og installasjon. Me vert betre kjend med kunsten hans og ser filmen Kvardagsstein (20 min) som er ei vandring gjennom langstrakt tid. Frå steinen vert til, til dei norrøne busetnadane på Grønland og mysteriet rundt kvifor desse forsvann. Filmen Kvardagsstein er filma i Osafjorden i Hardanger der me besøker den såkalla Sygnestveitkyrkja. Vidare får me sjå spor frå dei norrøne busetjingane på Grønland, mellom anna Hvalsøy kyrkje og Eirik Raudes gard Brattali. Musikken til filmen er komponert og framført av Grjótgarð Hálfdanarson som spelar tagelharpe og lyre. Filmen er ein studie av landskapet i Indre Hardanger og korleis landskapet påverkar dei som bur der, samstundes handlar det om vandring og reise, det å slå røter eller miste tilhøyrsle, fråflytting og utvandring. Det handlar om menneska sitt ynskje om å vera ein del av noko større enn seg sjølv og samstundes oppleve einsemd.