Kristin Skaare

Når det gjeld kunsten å skape sterke og vakre musikkopplevingar er Kristin Skaare i ein klasse for seg i norsk musikkliv. (Roald Helheim, Dagsavisen)

Ho har arbeidd som musikar og komponist sidan 1987, og er med på nærare 100 utgjevingar noko som har gjeve henne 4 Spellemannsprisar. Skaare behersker fleire ulike musikalske sjangrar og har vore aktiv innan såvel jazz og rock til samtids- og folkemusikk, og arbeider no med samtidsmusikk for iransk-norske Javid Afsari Rad og hans ensemble.

Dei siste åra har Skaare konsentrert seg om kontemplativ musikk, med dei to soloalbuma VAR og ER. I musikken hennar inviterast lyttaren inn i eit stille, melodisk og ambient rom, der det er godt å væra.

Opplev Kristin Skaare på Hardanger Musikkfest

7. juni, 2019
kl 22.00
Pris: 200,-

Nils Økland & Kristin Skaare med vener
Nils Økland // Kristin Skaare // Håkon Stene // Mats Eilertsen

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Meistermøte på Krossvoll! Med garanti om god stemning. Kristin Skaare og Nils Økland får fritt spelerom. Begge har ein hang mot vare stemningar og sarte utrykk, men råskap og speleglede er også ein sjølvsagt del av paletten. Kristin Skaare reknas som ei av dei mest inderlege og allsidige pianistane me har og Nils Økland er ein av Norges fremste felespelare og ein fornyar av folkemusikktradisjonen. Kristin Skaare vert rekna som ei av våre mest inderlege og allsidige pianistar og Nils Økland er kjend som ein viktig fornyar av folkemusikktradisjonen i tillegg til å vere ein meisterspellemann.

8. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 250,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad // Maria Tryti Vennerød

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Bli kjend med diktarskapet til Maria Tryri Vennerød som her vert presentert i ord og tonar! Maria Tryti Vennerød skriv naturleg musikalsk og med rytmisk driv, og er ein ettertrakta ordkunstnar for mange komponistar. Tekstane hennar har høg språkleg energi, ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine.

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 14.00
Pris: 200,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad // Maria Tryti Vennerød

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Bli kjend med diktarskapet til Maria Tryri Vennerød som her vert presentert i ord og tonar! Maria Tryti Vennerød skriv naturleg musikalsk og med rytmisk driv, og er ein ettertrakta ordkunstnar for mange komponistar. Tekstane hennar har høg språkleg energi, ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Kammertimen i Jondal Kyrkje
Joachim Carr // Amalie Stalheim // Benedicte Maurseth // Maria Tryti Vennerød // Kristin Skaare

Konsertarena: Jondal kyrkje

Eit lite tversnitt av heile festivalen. Virtoust kammerspel med Amalie Stalheim og Joachim Carr. Ord og tonar i samspel, med festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og Kristin Skaare. Nytt og gammalt frå folkemusikken, med Benedicte Maurseth. I Jondal blei ei middelaldersk stavkyrke i 1725 riven og erstatta med ei tømmerkyrkje - reist i 1727. Noverande kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1888. Tømmerkyrkja ser ut til å ha blitt reist på den same grunnmuren som stavkyrkja, men då nykyrkja blei bygd måtte ein flytte 30 gravar for at ho skulle få plass. Noverande kyrkje i Jondal er ei stor og flott trekyrkje med god akustikk.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 300,-

Oppskåka
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad // Amalie Stalheim // Annabel Guaita // Nils Økland // Håkon Stene // Kristin Skaare // Joachim Carr // Maria Tryti Vennerød // Mats Eilertsen // Eir Inderhaug // Thormod Rønning Kvam // Leander Djønne // Arvid Resare

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vårt musikalske preikeprogram. Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap: Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

Kjøp billett