Kouame Sereba

Multi-instrumentalist, vokalist og humørspreiar

Kouame Sereba har vakse opp i Elfenbenskysten i Vest-Afrika. Han syng og trakterar fleire instrument som djembe (afrikansk tromme), dodo (munnboge), og kalimba (tommelpiano). I tillegg til soloprosjekt, samarbeider han med musikarar i mange ulike sjangrar som folkemusikk, samtidsmusikk, klassisk og jazz, samt moderne afrikansk musikk. Prosjektet “Frå Senegal til Setesdal” frå 1997, eit møte mellom norsk og vestafrikansk folkemusikk, der han samarbeidde med Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv Straume frå Setesdal og avdøde Solo Cissokho frå Senegal, vart akta som eit banebrytande album. Kouame er også ein av Noreg sine fremre artistar for born og unge, og har spelt tusenvis av konsertar for born i skule- og barnehagealder. Han er ein formidlar av rang og i møte med born har han ei sjeldan evne til å engasjera. Kouame Sereba gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Kouame Sereba på Hardanger Musikkfest

31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Christopher Park // Små Grå // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid // Kouame Sereba // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.

2. sep., 2023
kl 17.15
Pris: 480,-

Sidersmaking med musikalsk fyglje
Kouame Sereba // Små Grå

Konsertarena: Lofthus Sideri

I år går turen til Lofthus Sideri. Vokalgruppa Små Grå og multiinstrumentalist Kouame Sereba står for dei musikalske boblene, og me får smaka på fleire av produkta frå vertskapet.

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

Kjøp billett

3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-

Avslutningskonsert i Kraftkatedralen
Mari Eriksmoen // Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.

Kjøp billett