Kjell Seim

Norges viktigaste inspirator for unge orkestermusikarar

Kjell Seim er BFUngs hovuddirigent. Han har dirigert alle dei norske profesjonelle symfoniorkestra og har vore tilknyttaoperaen i Kristiansund sidan 1986, og sidan 1989 som musikalsk sjef. Han har vore kunstnarisk leiar for fleire orkestre; det nordnorske kammerorkester (1990-1993), Kristiansand Symfoniorkester (1991-1992) og Jönköping Symfoniorkester (1995-1998). Han har også gjestedirigert ei rekke orkestre og operahus i dei nordiske landa, samt Tyskland, Russland, Kina, Sør-Afrika og Ukraina. I 1987 vann han 1. premie på den nordiske dirigentkonkurransen med Radiosymfonikerne i Stockholm.

Kjell Seim har via mykje tid til å arbeide samen med ungdom heilt sidan 1973. I 1997 var han med å etablera Ung Symfoni i Bergen, og i 2008 Vestregionen Ungdomssymfoniorkester. Hans betydning for den kunstnariske utviklinga av BFUng, tidligare Ung Symfoni, kan neppe overdrivast

Kjell Seim gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Kjell Seim på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-

Tenniskonsert med BFUng
Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester // Kjell Seim // Mina Gursli Langesæter // Sigurd Fischer Olsen // Gunilla Süssmann // Florian Donderer // Hanna Kallestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.