Ein musikalsk nasjonalskatt
Karl Seglem har vore frilanskunstnar sidan 1985 og har som komponist, musikar og poet arbeida kontinuerleg med å skapa eit eige uttrykk i musikalske grenseland. Med utgangspunkt i norsk folkemusikk og eigne komposisjonar, vert norsk musikalsk arv fornya gjennom ulike lydbilete der tradisjonane er tydelege. Nysgjerrigheten og lytteøyra har også vore knytta til hans bukkehornspel. Dette instrumentet framstår kanskje som eksotisk, men med eit musikalsk potensiale som gjer hans kunstnarskap og konsertar til noko anna.
Det finst fleire norske musikarar som har arbeida med folkemusikk og jazz på ulike måtar, men det er svært få - om nokon andre, som så systematisk og over tid har utvikla dette grenselandet inn i eit nytt og eige uttrykk. Seglem har mellom anna motteke Buddyprisen, Egil Storbekkens musikkpris og Nopas pris for årets verk. Hans musikk finst på dei fleste flater der du lyttar på musikk, og han har gjeve ut 40 album. Seglem har og gitt ut 4 poesisamlinger og er i tillegg forfatter av historiar i flere barnebokantologier.
Karl Seglem gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
4. nov., 2022
kl 8.00
Pris: 250,-
5. nov., 2022
kl 16.00
Pris: 425,-
Konsertarena: Alvavoll
Påfyll for gane, hjarte og øyre med Karl Seglem, Karin Nakagawa og Harald Alvavoll.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 15.00
Pris: 375,-
Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal
Ei verdig avslutning på ekkoet med Det Norske Jentekor, Terjungensemble, Karl Seglem og Erlend Apneseth.