Karin Nakagawa

Sprer musikalske historiar frå japansk sjel og kulturarv til heile verda.

Karin Nakagawa studerte tradisjonell 13-strengers koto og japansk song ved «Tokyo University of Arts». Etter endt utdanning byrja ho å opptre som «historieforteljar» med sin 25-strengers koto. Ho har har søkt nye uttrykksmåtar ved å jobba med eit breidt spekter av artistar frå ulike felt, og utvikla sin eigen songstil i prosessen. Hun vert i dag rekna som ein av ytterst få ekspertar på sitt instrument.

Karin Nakagawa er kjent for sine evner innan improvisasjon, og samarbeidar med folkemusikarar frå aust og vest, samt jazzmusikarar og samtidskomponistar. I tillegg arbeidar ho ofte på tvers av kunstartar, med skodespelarar, dansarar og malarar. Så langt har Karin turnert i meir enn 20 land, hun har leia og komponert ei lang rekke bestillingsverk. Ho har i eiårrekke samarbeida med skandinaviske musikarar som Lena Willemark og Anders Jormin, og vann svensk Grammy i 2013 for albumet «Lyöstraini-Trees of Light», utgjeve på ECM.

Karin Nakagawa gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Karin Nakagawa på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 14.00
Pris: 275,-

Aust og Vest
Erlend Apneseth // Karin Nakagawa

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Meistermøte mellom tradisjon og improvisasjon med Erlend Apneseth (NO) og Karin Nakagawa (JP).

5. nov., 2022
kl 16.00
Pris: 425,-

Smakar frå Japan og Hardanger
Karl Seglem // Karin Nakagawa // Harald Alvavoll

Konsertarena: Alvavoll

Påfyll for gane, hjarte og øyre med Karl Seglem, Karin Nakagawa og Harald Alvavoll.

Kjøp billett

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett

6. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Sølepytten - for familien
Fredrik Rysjedal // Karin Nakagawa // Øyvind Hegg-Lunde // Stephan Meidell

Konsertarena: Lofthus, Hotel Ullensvang

Teikneforestilling med Fredrik Rysjedal. Opplev den mystiske sølepytten i det den vert teikna fram på storskjerm. Musikalsk fylgje av Karin Nakagawa, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidel. Passar for heile familien. Hotel Ullensvang tilbyr familiepakke på bading og lunsj i etterkant av arrangementet.

Kjøp billett