Joachim Carr

«Through the light touch of fingers, clear as spring water, and the feeling of corein the notes, Joachim Carr is a born storyteller.” Sylvie Bonier, LeTemps om Carr sitt debutalbum

«Through the light touch of fingers, clear as spring water, and the feeling of corein the notes, Joachim Carr is a born storyteller.” Sylvie Bonier, LeTemps om Carr sitt debutalbum

Joachim Carr er ein av dei ledande norske pianistane og er på god veg til å etablera seg heilt i verdstoppen. Han har motteke ei rekke prisar for spelet sitt og har oppdrag over heile verda. I ein slik bransje krev det teknisk briljans, og som ein av få unge musikarar har Carr ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt få unge musikarar kan vise til. 

Sidan han starta med piano som 8-åring har mange av dei framste norske pianistane vore lærarar og veiledarar for Carr, og ein ting er sikkert – dette er ein musikar verda kjem til å høyre mykje til.

Opplev Joachim Carr på Hardanger Musikkfest

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby

8. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Virtuos
Joachim Carr // Amalie Stalheim

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner - for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Amalie Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Joachim Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan vise til. Begge vinn stadig prisar i inn- og utland, og er på god veg til å etablere seg heilt i verdstoppen. Med seg i kofferten har dei Brahms, Debussy og Prokofiev.

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 16.00
Pris: 250,-

Virtuos
Joachim Carr // Amalie Stalheim

Konsertarena: Galleri N. Bergslien

To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner - for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Amalie Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Joachim Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan vise til. Begge vinn stadig prisar i inn- og utland, og er på god veg til å etablere seg heilt i verdstoppen. Med seg i kofferten har dei Brahms, Debussy og Prokofiev.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Kammertimen i Jondal Kyrkje
Joachim Carr // Amalie Stalheim // Benedicte Maurseth // Maria Tryti Vennerød // Kristin Skaare

Konsertarena: Jondal kyrkje

Eit lite tversnitt av heile festivalen. Virtoust kammerspel med Amalie Stalheim og Joachim Carr. Ord og tonar i samspel, med festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og Kristin Skaare. Nytt og gammalt frå folkemusikken, med Benedicte Maurseth. I Jondal blei ei middelaldersk stavkyrke i 1725 riven og erstatta med ei tømmerkyrkje - reist i 1727. Noverande kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1888. Tømmerkyrkja ser ut til å ha blitt reist på den same grunnmuren som stavkyrkja, men då nykyrkja blei bygd måtte ein flytte 30 gravar for at ho skulle få plass. Noverande kyrkje i Jondal er ei stor og flott trekyrkje med god akustikk.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 300,-

Oppskåka
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad // Amalie Stalheim // Annabel Guaita // Nils Økland // Håkon Stene // Kristin Skaare // Joachim Carr // Maria Tryti Vennerød // Mats Eilertsen // Eir Inderhaug // Thormod Rønning Kvam // Leander Djønne // Arvid Resare

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vårt musikalske preikeprogram. Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap: Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

Kjøp billett

10. juni, 2019
kl 11.00
Pris: 300,-

Overtonar
Joachim Carr // Eir Inderhaug // Amalie Stalheim // Sverre Barratt-Due // Victoria Puttermann // Thormod Rønning Kvam // Arvid Resare

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Musikk av 4 viktige kvinner. Fanny Mendelssohn-Hensel viste tidleg musikalsk talent og byrja skrive musikk. Ho blei hemma av si tid sine holdningar til kvinner, holdninger som åpenbart også hennar far og bror (Felix Mendelssohn) delte. I ei tid då kvinner, med mindre dei var songarar, nesten aldri opptrådde offentleg, og heller ikkje komponerte - gjorde Clara Schumann begge delar. Kaija Saariaho er ein av vår tids store komponistprofilar. Den finske komponisten er kjend for å skape rørande, nesten fysiske verk med skimrande, tette klangbilete som gjennomgår stadige forvandlingar. At ein amerikansk jazzkomponist som Maria Schneider skriv fantastisk musikk for sopransolist og klassiske musikarar er ikkje så rart som ein kanskje tenkjer. Arven frå den europeiske kunstmusikken er ein av jazzens byggesteinar, og linja frå Duke Ellington til Maria Schneider sin mentor, Gil Evans, er ikkje lang.

Kjøp billett