Jasser Haj Youssef

Den anerkjende tunisiske fiolinisten Jasser Haj Youssef kjem til Hardanger for å vere med på Benedicte Maurseth sitt tingingsverk.

Med seg har han viola d’amore – ein sju-strengs bratsj som liknar hardingfela med resonansstrenger som kling med – eit instrument Nils Økland og er kjent for å bruke. Youssef er ein framifrå musikar det er umogleg å ikkje verte råka av, og han omtalast som ein musikar ein «må høyre». Youssef meistrer mange ulike sjangrar – frå jazz via klassisk til orientalsk musikk, og er ein musikar som har samarbeidd med mellom anna Barbara Hendricks, Youssou N’Dour, Sister Marie Keyrouz og Simone Kermes. 

Opplev Jasser Haj Youssef på Hardanger Musikkfest

5. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Gamle Eidfjord kyrkje

Tingningsverk av og med Benedicte Maurseth

6. juni, 2019
kl 9.00
Pris: 250,-

Morgontonar på Gløyp
Jasser Haj Youssef // Benedicte Maurseth

Konsertarena: Gløyp, Kinsarvik

Frukostkonsert med Benedicte Maurseth og Jasser Youssef

Kjøp billett

6. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Odda kyrkje

Tingningsverk av og med Benedicte Maurseth

Kjøp billett