Isango Ensemble / SS Mendi

Dei fleste hadde aldri sett havet tidlegare. Mange kunne ikkje symje. Det var få som overlevde forliset som er blitt kalla «Den svarte Titanic».

“The final death drill — a stamping, ferocious dance, the performers armed with spades and pickaxes, eyes blazing — has a potency that knocks the breath from your body.” – THE TIMES

I januar 1917 gjekk 823 sør-afrikanarar frå ei rekke ulike folkegrupper om bord i båten SS Mendi i Cape Town. Dei hadde meldt seg som frivillige troppar i Den britiske hæren, og var på veg til vestfronten for å grave grøfter og felle trær.

Tjukk morgontåke i den engelske kanalen skjuler den nært føreståande katastrofen då ein annan båt er på kollisjonskurs med båten frå Sør-Afrika. Kollisjonen skjer med ei slik kraft at SS Mendi går ned på minuttar, medan det andre fartøyet berre får mindre skader. Kapteinen der gjer ingenting for mennene i vatnet. Når redninga endeleg kjem, er det for senit for dei fleste. 

646 omkom i det som var ein av dei verste maritime katastrofane i det 20. århundre, og er sidan blitt kalla «Den svarte Titanic».

SS Mendi – Dancing the Death Drill er ei sterk og gripande feiring av livet. Forestillinga er basert på Fred Khumalos bok om dei som opplevde ulykka og iscenesatt og framført av det prisvinnande Isango Ensemble frå Cape Town. Isango Ensemble gjorde stor suksess under festspilla i Bergen i fjor, og i år kjem dei tilbake dit. I samarbeid med Festspilla i Bergen har Hardanger Musikkfest vore så heldige å få ensemblet inn til Kinsarvik for å stå for opningskonserten. SS Mendi hadde urpremiere i Southampton sommaren 2018, og fekk då strålende tilbakemeldingar frå britisk presse. 

I pinsen opnar SS Mendi Hardanger Musikkfest!

__ __

I samarbeid med Festspilla i Bergen

Opplev Isango Ensemble / SS Mendi på Hardanger Musikkfest

6. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Opningskonsert: SS Mendi - Dancing the death drill
Isango Ensemble / SS Mendi

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Gå ikkje glipp av årets storhending i Hardanger, eit unikt og rørande gjestespel frå Sør-Afrika. Isango Ensemble med førestillinga SS Mendi – Dancing the death drill. Dei fleste hadde aldri sett havet tidlegare. Mange kunne ikkje symje. Det var få som overlevde forliset som er blitt kalla «Den svarte Titanic». “The final death drill — a stamping, ferocious dance, the performers armed with spades and pickaxes, eyes blazing — has a potency that knocks the breath from your body.” – THE TIMES. Vert presentert i samarbeid med Festspillene i Bergen