Ingar Bergby

Ingar Bergby er ein av Noregs mest vidgjetne orkesterdirigentar, med stor produksjon innanfor klassisk musikk, opera, samtids- og crossovermusikk.

Han har markert seg som ein kunstnar med klart skapande kraft med stor pasjon og engasjement i arbeidet sitt. Bergby har vore kunstnarisk leiar for Sjøforsvarets Musikkorps frå 1. januar 2015 og vart i 2010 kåra til Årets utøvar av Norsk komponistforening.