Henrik Horge

Skodespelar og songar

Henrik Horge er utdanna skodespelar ved Statens Teaterhøgskole (KHiO) i 2004. Han har lang og brei erfaring frå både teaterscena, film og tv, og har blant anna vore tilsett på Det Norske Teatret, Rogaland Teater, Oslo Nye og Nationaltheatret. I 2014 starta han teatergruppa Plutselig Barneteater på Nesodden. Plutselig Barneteater driv med improvisasjonsteater for born, med fokus på eventyr, musikk, popkultur, humor, kreativitet og tullball. I dag er Plutselig Barneteater både ein aktivt omreisande teatertrupp og eit populært improvisert podkastfenomen. I tillegg til å vera skodespelar er Horge musikkartist, og har fleire utgjevingar bak seg. Akkurat no er orkesteret Henrik Horge & Calypsokameratene aktuelle med den rykande ferske barneplata «Korallrev og Pølsevev». Henrik Horge gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Henrik Horge på Hardanger Musikkfest

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

3. sep., 2023
kl 11.00
Pris: 250,-

Improvisert barneteater!
Henrik Horge // Små Grå // Stian Carstensen

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Med Halve Plutselig Barneteater, Små Grå og Stian Carstensen. Publikum vert invitert til å koma med forslag og innspel undervegs, som påverkar handlinga på scena. Artistane improviserer fram ei morosam teaterførestilling med lattergaranti!

Kjøp billett