Helge Lien

Helge Lien er ein av Noregs mest profilerte jazzpianistar og utforskar grensene mellom ulike musikksjangrar.

Lien har ein teknisk brilliant spelestil og som komponist er han oppteken av den musikalske forteljinga i augneblinken. Helge Lien Trio har gjeve ut ti kritikarroste album og spelt konsertar over heile verda. Som komponist har han mellom anna sett nye tonar til Alf Prøysen sine tekster. Han er heidra med Spellemannprisen, Kongsberg Jazzfestivals store musikerpris og Hansaprisen.

Opplev Helge Lien på Hardanger Musikkfest

31. okt., 2020
kl 15.00
Pris: 250,-

Songboka
Tora Augestad // Erlend O. Nødtvedt // Helge Lien

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Den norske songskatten formidlast i ein vakker time med Tora Augestad, Erlend Nødtvedt og Helge Lien.

1. nov., 2020
kl 18.00
Pris: 250,-

Gjengangarar
Erlend O. Nødtvedt // Sveinung Bjelland // Anders Kjellberg Nilsson // Helge Lien

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Allehelgenstime i musikkens teikn. Med Erlend Nødtvedt, Sveinung Bjelland, Anders Kjellberg Nilsson og Helge Lien.

Kjøp billett