Hanna Kallestad

Hausten 2022 tar Hanna over rolla som konsertmester i BFUng og konserten i Hardanger vil vere hennar første konsert i denne rolla. Hanna begynte å spele fiolin på Bergen kulturskole då ho var 6 år gamal. Der lærte ho å spele gjennom suzuki-metoden med Britta Skärby Vindenes som lærer. Ho fekk også vera med på Barratt Dues Unge Talenter og kulturskulens klassiske fordjupning. Vegen vidare gjekk til musikklinja på Langhaugen videregåande skule, der ho hadde Per Gisle Haagenrud som lærar. I dag studerar ho på Norges musikkhøgskule med Henning Kraggerud. På denne reisa har Hanna spelt i Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester heilt sidan oppstarten i 2015. Saman med gode vener i orkesteret har ho utvikla ein enda større lidenskap for musikk. I tillegg til BFUng har Hanna blant anna spelt med Ung Filharmoni, Det Norske Kammerorkester, 1B1, Bergen Unge Kammerorkester. Som solist har ho fått fleire oppdrag på Edvard Grieg Museum Troldhaugen og Ole Bull Lysøen Museum saman med Ole Christian Haagenrud.

Opplev Hanna Kallestad på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-

Tenniskonsert med BFUng
Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester // Kjell Seim // Mina Gursli Langesæter // Sigurd Fischer Olsen // Gunilla Süssmann // Florian Donderer // Hanna Kallestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.