Ein av Noreg sine fremste musikarar med eit breidt og allsidig repertoar.
Håvard Gimse er ettertrakta både som solist og som kammermusikar, og fleire av Skandinavia sine beste klassiske artistar føretrekker han som sin musikalske partnar. Hans kjærleik for skandinavisk og norsk klassisk musikk har gjort han til ein av dei mest innflytelsesrike artistar på denne arenaen. Gjennom sitt arbeid med å fremja mindre kjent musikk frå Skandinavia har han hausta fenomenale kritikkar, og motteke prisar frå Diapason d’Or og Gramophone Chritics Choice.
Som konserterande pianist har Gimse spelt på mange av verdas mest prestisjetunge konsertscenar. Av kammermusikk kan nemnast samspel med Truls Mørk i ei årrekke, med fleire turnèer bl.a. til USA, Japan og Italia. I tillegg har han gjestaBerlin Konzerthaus og Carnegie Hall med Tine Thing Helseth , og hatt konsertar i Beethovenhaus Bonn med Alina Pogostkina og i Wigmore Hall med Marianne Thorsen. Gimse er professor ved Norges Musikkhøgskole, og gjev i tillegg jamnlege masterclass i inn- og utland.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Stjernemusikarane Florian Donderer, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam og Håvard Gimse spelar det vakraste verket i verda.
5. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Ei reise i ord og tonar gjennom mytane si verd, musikalsk illustrert av Szymanowski sitt praktfulle verk «Mythes». Sigurd Sandmo, Håvard Gimse og Florian Donderer. Sal av gyldne snittar.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 12.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program. Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.