Håkon Stene

Håkon Mørch Stene er ein norsk prisvinnande musikar, og har i meir enn 15 år vært ein av Noregs ledande perkusjonistar, med ei betydeleg internasjonal karriere.

Han er ein virtuos men og lyrisk slagverkar og har sitt spesialfelt innan samtidsmusikk. Stene er og favoritten til to av solistane under Hardanger Musikkfest i 2019 - Nils Økland og Benedicte Maurseth og vert å sjå på scena med begge. Ved sida av samarbeidd med ensemble som asamisimasa, Pantha du Prince, Rolf Lislevand ensemble, Klangforum Wien og Barokksolistene, og har vore solist med Ensemble Modern, London Sinfonietta, Oslo Sinfonietta og Oslo filharmoniske orkester for å nemne nokon. 

Opplev Håkon Stene på Hardanger Musikkfest

5. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Gamle Eidfjord kyrkje

Velkomen til verdspremiere! Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”. Ta gjerne med ei pute til å sitje på!

6. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Odda kyrkje

Velkomen til verdspremiere! Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”.

Kjøp billett

7. juni, 2019
kl 16.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Kinsarvik kyrkje

Velkomen til verdspremiere! Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”.

Kjøp billett

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby

Kjøp billett

7. juni, 2019
kl 22.00
Pris: 200,-

Nils Økland & Kristin Skaare med vener
Nils Økland // Kristin Skaare // Håkon Stene // Mats Eilertsen

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Meistermøte på Krossvoll! Med garanti om god stemning. Kristin Skaare og Nils Økland får fritt spelerom. Begge har ein hang mot vare stemningar og sarte utrykk, men råskap og speleglede er også ein sjølvsagt del av paletten. Kristin Skaare reknas som ei av dei mest inderlege og allsidige pianistane me har og Nils Økland er ein av Norges fremste felespelare og ein fornyar av folkemusikktradisjonen. Kristin Skaare vert rekna som ei av våre mest inderlege og allsidige pianistar og Nils Økland er kjend som ein viktig fornyar av folkemusikktradisjonen i tillegg til å vere ein meisterspellemann.

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Spellemenn / Diktardagen
Nils Økland // Håkon Stene // Benedicte Maurseth

Konsertarena: Hardanger folkemuseum, Utne

Dei forvaltar og fornyar ein stor kulturarv. Ber med seg historiene til alle dei som har vore med i lenka av munnleg overføringstradisjon. Slåttar lært på kjøkenet hos ein meisterspelemann, som igjen har lært han av sin bestefar, og slik går det bakover og bakover, men alltid i utvikling og endring. Nye slåttar kjem til og nye variantar av dei gamle oppstår. Historiene vandrar med oss. Billetten gjeld for heile programmet under Diktardagen. Arrangert i samarbeid med Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-Senteret.

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 17.00
Pris: 250,-

Spellemenn
Nils Økland // Håkon Stene // Benedicte Maurseth

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Dei forvaltar og fornyar ein stor kulturarv. Ber med seg historiene til alle dei som har vore med i lenka av munnleg overføringstradisjon. Slåttar lært på kjøkenet hos ein meisterspelemann, som igjen har lært han av sin bestefar, og slik går det bakover og bakover, men alltid i utvikling og endring. Nye slåttar kjem til og nye variantar av dei gamle oppstår. Historiene vandrar med oss.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 17.00
Pris: 300,-

Nils Økland Band i Kraftkatedralen
Nils Økland // Håkon Stene // Mats Eilertsen

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Vellyd i Tyssedal! Felespeler Nils Økland har eit særskild talent; Han får folk til å lytte. Når han spelar er det som om han vender seg direkte til kvar og ein i rommet. Han kan halde medmusikarar og lyttarar på tå hev, sjølv om musikken kan vere aldri så lavmælt. Bandet har spelt saman i mange år og har utvikla ein særprega nærleik og varsemd. Dei ulike musikalske stemmene er balanserte og varierte, og resultatet er instrumentalmusikk med spenst, stor djupne og brei appell. På konserten får vi hovudsakleg høyre reportoar frå dei to albuma "Kjølvatn "og "Lysning" men vi får òg høyre musikk fra platene "Blå harding " (Morild-1996) og "Straum"(runegrammofon-2000) Med i bandet er Sigbjørn Apeland (trøorgel), Torbjørn Økland (trompet og gitar) Håkon Mørch Stene (slagverk), Mats Eilertsen (kontrabass), Nils Økland(hardingfele, fiolin og viola d,amore). Musikken er laga av Nils Økland og utvikla i tett samarbeid med musikarane i bandet. Både som utøvar og komponist har Økland bygd bruer mellom folkemusikk, kunstmusikk og improvisasjonsmusikk. Støtta av Norsk Kulturråd

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 300,-

Oppskåka
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad // Amalie Stalheim // Annabel Guaita // Nils Økland // Håkon Stene // Kristin Skaare // Joachim Carr // Maria Tryti Vennerød // Mats Eilertsen // Eir Inderhaug // Thormod Rønning Kvam // Leander Djønne // Arvid Resare

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vårt musikalske preikeprogram. Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap: Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

Kjøp billett