Håkon Skjæret

Musikkpedagog og klassisk slagverkar

Håkon Skjæret har lang erfaring som ensemblemusikar, og utmerkar seg særskilt med evna til å jobba tverrfagleg i sine kunstprosjekt. Han jobbar blant anna i BIT20 Ensemble i Bergen, der han skapar kunstprosjekt for born og unge. BIT20 Ensemble spesialiserar seg på nyskrive musikk for sinfonietta-besetning. Gjennom sine deltakarprosjekt er BIT20 Ensemble sitt mål å tilretteleggja for samspel og samskaping, der kreativ nyfikenheit ligg til grunn for jakta på det ukjente. I 2015 byrja utviklinga av ensemblet sin eigen komposisjonsapp, BITWaves, der det på ein enkel måte vert tilrettelagt for eiga musikkskaping. Under årets Hardanger Musikkfest har musikanter frå Ullensvang skulemusikklag og elevar ved Kinsarvik Skule utforska digital komposisjon med BITWaves. Håkon Skjæret gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Håkon Skjæret på Hardanger Musikkfest

31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Christopher Park // Små Grå // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid // Kouame Sereba // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.

1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-

Musikalsk Grøde
Craig Farr // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Ingfrid Breie Nyhus // Anne Hytta // Anita Solheim Bråvoll // Strusshamn skoles musikklag // Ullensvang Leikarring // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).

Kjøp billett

1. sep., 2023
kl 21.00
Pris: 150,-

Festivalkviss på Lofthus Ekspedisjon
Hanna Kallestad // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Små Grå // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid

Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon

Uformell og variert kviss med musikalske overraskingar! Kvissmeistrane er balansekunstnarane Anna Gursli Langesæter og Karl Ystanes! Begge er gardseigarar, men jobbar med sider, festival, journalistikk, HR og PR - til saman har dei ein breidde som få kan skilta med. Spørsmåla vil vera ei fin blanding av musikkrelaterte spørsmål – og heilt andre tema. Me inviterer til ein akkurat passeleg vanskeleg festivalkviss, og det vankar ein fin premie til vinnarlaget! Kvissen startar kl 21:00, og varar om lag to timar.

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 13.00
Pris: 250,-

Borealis Ung komponist
YrrY // Owen Weaver // Håkon Skjæret

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

4 unge komponistar har sidan hausten 2022 jobba for å skapa nye lydbilete og utfordra seg sjølve som musikkskaparar. Verka hadde premiere under Borealis 2023, og Hardanger musikkfest markerar starten på prosjektet sin Vestlandsturné.

Kjøp billett