Gyrid Nordal Kaldestad

Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland.

Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal/song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Hennar samarbeidspartnarar er slagverkskvartetten Architek Percussion (Montreal), fiolinisten Mira Benjamin (London), Are Lothe Kolbeinsen og Anne Hytta i trioen Kaldestad. I november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.

Opplev Gyrid Nordal Kaldestad på Hardanger Musikkfest

28. mai, 2020
kl 17.00

Vernissage: 340 meter i sekundet
Gyrid Nordal Kaldestad // Are Lothe Kolbeinsen

Konsertarena: Alvavoll

Vernissage på Alvavoll: Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad & Are Lothe Kolbeinsen. Arrangementet er gratis, men plassreservasjon krevast for å vere sikker på plass.