kunstnerisk leiar
Gunilla Süssmann kan sjå attende på ei rik og variert karriere som konsertpianist, med internasjonal turneverksemd, ei lang rekkje plateinnspelingar og sterke musikarsamarbeid i ryggsekken. Studium ved NMH og Hochschule für Musik i Hannover vart gjennomført parallelt med pristildelingar og ei veksande solokarriere. Ho har halde konsertar både som solist og kammermusikar i salar som Concertgebouw Amsterdam, Wigmore Hall, Louvre i Paris og Festspielhaus Baden-Baden, samt vore ein hyppig gjest ved dei store internasjonale festivalane både i Noreg og utlandet. English Chamber Orchestra, Bournemouth Symphony Orchestra, Oslo Filharmonien, Auckland Philarmonic, Stavanger Symfoniorkester, WDR Köln og Staatskapelle Weimar er berre nokre av mange orkester ho har vore solist med. Kammermusikk har alltid hatt ein særskild plass i hjarta hennar, noko ho har dyrka gjennom dedikerte samarbeid med musikarar som Christian Tetzlaff, Martin Fröst, Solveig Kringlebotn, Antje Weithaas, og ikkje minst cellisten Tanja Tetzlaff.
I 2017 vart ho grunna ein skade tvinga til å leggja spelinga på hylla, og valde å kanalisera kjærleiken til musikken gjennom andre vegar. Etter mange år i utlandet, kor ho og grunnla musikkfestivalen LilleNorge, flytta ho i 2018 attende til Noreg. Hennar attrå for musikk og iscenesetjing førte ho til Den Norske Opera & Ballett, og seinare til Kringkastingsorkesteret der ho i dag jobbar som programprodusent.
3. nov., 2022
kl 20.00
Pris: 350,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Oppskåka i ny drakt. Festivalen sine mange freistingar presentert i ord og musikk, med kunstnariske leiarar og årets artistar. Lun stemning, og Lofthus ekspedisjon har open bar. Lett servering inkludert i prisen.
4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.