Gjertruds Sigøynerorkester

Spesialist på austeuropeisk sigøynarmusikk.

Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) har sidan 1989 spesialisert seg på austeuropeisk sigøynarmusikk frå Russland, Romania og - framføre alt - Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest, og samarbeider fast med Ernest Bangó, ein av Ungarn sine fremste cimbalister. GSO har turnert over store delar av Noreg og Ungarn, delteke på festivalar i inn- og utland og gjeve ut sju CD-ar. 

I tillegg til stadig fordjuping i austeuropeisk sigøynermusikk og turnear med ungarske sigøynermusikk-utøvarar, har ensemblet ei rekkje ulike samarbeidspartnarar innan folkemusikk og sjangeroverskridande prosjekt. GSO har samarbeidd med mellom anna den jødiske artisten Bente Kahan, songaren Elias Akselsen, felespelar Susanne Lundeng, komponist og pianist Nils Henrik Asheim, samt artistane Britt Synnøve Johansen, Solfrid Molland, Pål Jackman og Helge Jordal. Samarbeidet med Nils Henrik Asheim resulterte i Spelemannpris i 2011 for CD-en «Mazurka – Remaking Chopin». Dei andre CD-utgjevingane har også blitt vorte godt motteke, ikkje minst «På reis, på reis» (2017), sigøynersongar på norsk med Britt-Synnøve Johansen. 

Opplev Gjertruds Sigøynerorkester på Hardanger Musikkfest

6. nov., 2021
kl 22.00
Pris: 300,-

Gjertruds Sigøynerorkester
Gjertruds Sigøynerorkester

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Med garanti om ein forrykande festkveld!