Georg Reiss

Georg Michael Reiss er ein av våre leiande klarinettistar/saksofonistar, og er kjend for sin store fleksibilitet.

I Europa er han mest kjend innanfor den tradisjonelle jazzen og ulike sjangrar av folkemusikk. Han har turnert og gjort innspelingar med pianist Morten Gunnar Larsen, og er fast medlem av Magnolia Jazzband, Ophelia Orchestra, Gjertruds Sigøynerorkester, Streif og leiar Georg Reiss Quartet. Bandet spelar akustisk jazz, blues, calypso, samba, skandinaviske folkesongar og noko jødisk musikk.