Geir Olve Skeie

Geir Olve Skeie er nevrolog, PhD, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, og professor II ved Griegakademiet, kor han underviser om musikk og hjernen.

Han er i tillegg utdanna pianist frå Griegakademiet i Bergen, kor han studerte med Jiri Hlinka. Skeie har over 100 internasjonale publikasjonar, og har mellom anna forska på musikken sin påverknad på hjernen og bruk av musikk ved Parkinsons sjukdom og hjerneskadar. Høyr han snakka om den musikalske hjernen i Skrivargarden 28. mai.

Opplev Geir Olve Skeie på Hardanger Musikkfest

28. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 200,-

Den musikalske hjernen
Geir Olve Skeie

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Vel møtt til spanande innsikt i musikk når Geir Olve Skeie snakkar om kva påverknad musikk har på hjernen. Annabel Guaita er musikalsk makker.