Fredrik Rysjedal

illustratør og teikneserieskapar

Fredrik Rysjedal er ein tegneserieskapar busett i Bergen, som fokuserar på sjølvpublikasjonar og performativ teikneseriekunst. Han lagar både dokumentarisk og fiksjonelt arbeid, men likar også å laga eksperimentelle animasjonar i tillegg til eit meir tradisjonelt narrativ. Fredrik har ein doktorgrad i design fra Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design, der han hadde fokus på bruk av rørlege bilete i digitale teikneseriar. I sine opptrednar med teikneseriarviser han teikneseriar live i takt med at han les opp og vert akkompagnert av musikarar. Han har blant anna opptredd på Den Nationale Scene i Bergen med verket Psst! i 2019 – ein scenisk konsert for born med perkusjon, musikk og video, i samarbeid med Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde. Han laga også animasjonar for projeksjon og performance til verket Hans og Grete på Bergen Nasjonale Opera i 2017, i regi av James Bonas. Fredrik har ei sentral rolle i fanzinemiljøet i Bergen og er ein av initiativtakerne bak Bergen Art Book Fair.

Fredrik Rysjedal gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Fredrik Rysjedal på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Bakst og Ballade
Silje Aker Johnsen // Fredrik Rysjedal // Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon

Nyt herlege bakverk frå Fløy til musikalsk og visuelt innhald frå Silje Aker Johnsen, Fredrik Rysjedal og Nils Henrik Asheim.

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett

5. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 275,-

Erlend Apneseth trio
Fredrik Rysjedal // Erlend Apneseth Trio

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Eit av dei mest innovative og aktive banda i Noreg. Lyden av norsk folkemusikk møter jazz og elektronika. Med Erlend Apneseth, Stephan Meidell og Øyvind Hegg Lunde. Levande filmredigering av Klara Sofie Ludvigsen og Fredrik Rysjedal.

Kjøp billett

6. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Sølepytten - for familien
Fredrik Rysjedal // Karin Nakagawa // Øyvind Hegg-Lunde // Stephan Meidell

Konsertarena: Lofthus, Hotel Ullensvang

Teikneforestilling med Fredrik Rysjedal. Opplev den mystiske sølepytten i det den vert teikna fram på storskjerm. Musikalsk fylgje av Karin Nakagawa, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidel. Passar for heile familien. Hotel Ullensvang tilbyr familiepakke på bading og lunsj i etterkant av arrangementet.

Kjøp billett