Rekna som ein av dei mest spanande fiolinistar i sin generasjon.
Den tyske fiolinisten Florian Donderer er kjent for sitt eksepsjonelt vakre spel, usedvanlege teknikk og sjokkerande intensitet. Han er ein mangfaldig utøvar, høgt verdsett som kammermusikar, solist, konsertmeister og dirigent. Florian er primarius i Signum Quartet som i 2023 debuterer i Carnegie Hall i New York.
Florian Donderer er spesielt kjent som «spelande leiar», etter sine mange år som konsertmeister i Die Deutsche Kammerphilharmonie Bremen, og har vore sterkt medverkande til orkestret sin status som eit av verdas leiandekammerorkestre. Han er også kunstnerisk leiar for Rottweil Musikkfestival, ein av Tyskland sine eldste festivalar, og kuraterar i tillegg ein konsertserie i Sendesaal Bremen saman med si kone Tanja Tetzlaff. Han spelar på ein fiolin bygd av Peter Greiner i 2003, og buer bygget av Nico Plog i Antwerpen.
Florian Donderer gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.
4. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Stjernemusikarane Florian Donderer, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam og Håvard Gimse spelar det vakraste verket i verda.
5. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Ei reise i ord og tonar gjennom mytane si verd, musikalsk illustrert av Szymanowski sitt praktfulle verk «Mythes». Sigurd Sandmo, Håvard Gimse og Florian Donderer. Sal av gyldne snittar.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 12.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program. Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.