Ernst Simon Glaser

Ein forkjempar for samtidsmusikk.

Glaser er ein forkjempar for samtidsmusikk og jobbar for tida med å sluttføra prosjektet «Echoes of what will come - conversations with J.S.» der han har tinga eit nytt verk for kvar Bach solo cellosuite av 6 forskjellige komponistar. Vona er å skapa eit unikt møte mellom fortid og notid, ein samtale på tvers av tidsliner. Prosjektet vert gjeve ut digitalt og på CD av Grappa musikkforlag i 2021. 

Glaser har nylag starta som solocellist i Kringkastingsorkesteret og skal vera solist i Dvorak sin cellokonsert i april 2021. 

I januar 2019 framførte Glaser cellokonserten av Ungarske Peter Eötvös med Göteborgs Symfoniker og Peter Eötvös som dirigent. 

I cellokonserten frilägger orkesterns egen solocellist Ernst Simon Glaser på ett imponerande vis de virtuosa nivåerna i relief mot de åtte cellostämmor som gör musikken sångbar og klangrik ... Magnus Hagland (om Peter Eötvös cello konsert), Göteborgs-Posten 

Av prisar kan tidlegare Rikskonsertene sin «Årets unge solist» og Musikkens venner «Debutantpris» nemnast. Debut-innspelinga hans med Liv Glaser på fortepiano (Schumann og Schubert-Simax) vart godt motteke. Innspelinga med Sjøforsvarets Musikkorps beståande av fire cellokonsertar med blåsarar fekk ein engelsk anmeldar til å skriva at Glaser «with groove and elegance explores new avenues within contemporary music». Hans nyaste CD på BIS som kom i 2017, kor Glaser er solist i Tommie Haglunds «Flaminis Aura» med Göteborgs Symfoniker (dirigent David Afkham), vart nominert til svensk Grammy. 

Etter studiar med Ralph Kirshbaum vart Ernst Simon Glaser tilsett som alternerande solocellist i Trondheim Symfoniorkester i ein alder av 22 år. Fra 2001-2010 var han solocellist i Den Norske Operas Orkester og frå 2009-2021 var han solocellist i Göteborgs Symfoniker, Sveriges Nasjonalorkester. Glaser er for tida solocellist i Kringkastingsorkesteret. 

Glaser har tidlegare undervist ved Musikkonservatoriet i Trondheim, og Norges Musikkhøgskole som Truls Mørks assistent, og vikar. I tillegg til meisterklassar i inn- og utland underviser han for tida ved Barratt-Dues Musikkinstitutt. 

Ernst Simon Glaser spelar på ein cello bygd av Francesco Ruggieri, Cremona ca. 1680, generøst stilt til rådvelde av Dextra Musica. 

«Samtaler med J.S. Bach»

Til debutkonserten sin for 15 år sidan tinga Ernst Simon Glaser eit nytt verk for solo cello. Komponisten av dette verket var Eivind Buene. Buene kjende til Bach sine suitar for solo cello gjennom transkripsjonar for gitar. Inspirert av Suite Nr.5 i c-moll valde han å skriva eit verk han kalla «Conversation with J.S.» Om dette stykket skreiv Buene: «Klanglige fantasier anno 2002 møter energien i J.S.Bachs Cello Suite Nr.5. Bachs gestikk, de fysiske bevegelsene og den musikalske flyten er grunnlaget for en samtale på tvers av århundrene, hvor celloens og musikkens historie klinger med mellom linjene.» 

Etter å ha spelt Eivind sitt verk fekk Glaser idéen om å tinga eit verk for kvar av cellosuitane skrivne av Bach. Dette voks fram av nyfikskap på kva slag musikk Bach sine suitar ville inspirera heilt ulike komponistar til å skriva. Verka skulle tingast av eldre og yngre, kvinnelege og mannlege komponistar frå Noreg. I tillegg til Buene sitt verk finst det i dag; Magnar Åm, Lene Grenager, Olav Anton Thommessen, Therese Birkelund Ulvo og Bjørn Kruse.

Opplev Ernst Simon Glaser på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2021
kl 20.00
Pris: 350,-

Jubileumsfest
Christian Ihle Hadland // Ernst Simon Glaser // Kviven Duo

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Hardanger Musikkfest feirar 25 år med musikk, mat og soger.

5. nov., 2021
kl 22.00
Pris: 250,-

Samtalar med Bach
Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Kinsarvik kyrkje

Ernst Simon Glaser tek oss med på tvers av hundreåra - frå Bach til i dag.

Kjøp billett

6. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med ritar og hesjestreng
Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Eirik Raude // Gjertruds Sigøynerorkester // Anna-Maria Hefele // Sinikka Langeland // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad // Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Lokale tradisjonar i ny drakt med festivalen sine eigne artistar.

Kjøp billett

7. nov., 2021
kl 11.00
Pris: 250,-

I Dovregubbens hall - musikk mellom losjane
Silje Aker Johnsen // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Musikalske impulsar knytt til Frimurarrørsla.

Kjøp billett

7. nov., 2021
kl 16.00
Pris: 300,-

Griegvitjing
Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser // Vertavo-kvartett

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Marianna Shirinyan, Ernst Simon Glaser og Vertavo i heilnorsk program.

Kjøp billett

7. nov., 2021
kl 18.00
Pris: 350,-

Oppskåka
Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Eirik Raude // Anna-Maria Hefele // Sinikka Langeland // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad // Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt eige musikalske prateprogram.

Kjøp billett