Erlend O. Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984 i Bergen) debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008.

Sidan har han gjeve ut diktsamlingane Bergens beskrivelse (2011), Trollsuiten (2014) og Slekter (2019), i tillegg til romanen Vestlandet (2017). Nødtvedt er vurdert som ein av sin generasjon sine mest sentrale forfattarar. Han har vunne prisar som Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015, Premio Ostana i 2017, Olav H. Hauge-stipendet 2018 og Mads Wiel Nygaards legat i 2020. Nødtvedt vart kåra til ein av de ti fremste unge, norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Opplev Erlend O. Nødtvedt på Hardanger Musikkfest

28. mai, 2020
kl 20.00
Pris: 250,-

Hardingspel
Erlend O. Nødtvedt // Helge Lien // AK Teigland // Kviven Duo // Ruth Wilhelmine Meyer // Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vel møtt til vidgjetne og stemningsfulle Krossvoll med ord, soger og musikk. Bli kjent med festivalforfattar Erlend Nødtvedt i samspel med Helge Lien.

29. mai, 2020
kl 18.00
Pris: 475,-

Overraskingskonsert
Sjøforsvarets musikkorps // Barokksolistene // Magnus Staveland // Nordic Voices // Kviven Duo // Nils Henrik Asheim // Erlend O. Nødtvedt // Anders Kjellberg Nilsson // Tora Augestad // Ernst Simon Glaser // Elin Rombo // Helge Lien // Ruth Wilhelmine Meyer // Sveinung Bjelland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Me inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for tredje gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 14.00
Pris: 250,-

Klangbiotopar
Ruth Wilhelmine Meyer // Helge Lien // Erlend O. Nødtvedt

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Røyst, klaver og tekst i eit klangfelleskap i dei vakre lokala på Krossvoll.

Kjøp billett