Apneseth Trio

Eit av Noregs mest innovative og aktive band, som sameinar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika på ein heilt særeigen måte.

Bandet har hausta lovord, prisar og nominasjonar for sine fire albumutgjevingar på det renommerte plateselskapet Hubro, og turnering i store delar av Noreg og Europa dei siste fem åra, har begeistret både nye og tilbakevendande konsertgjengarar. Samtlege album har blitt nominert til Spellemannprisen, og dei fikk prisen for albumet «Salika, Molika»(2019) saman med Frode Haltli. Trioen er sett saman av Erlend Apneseth (hardingfele), Stephan Meidell (gitar/live-sampling) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/perkusjon). Dei er alle kritikarroste utøvarar og komponistar på sine felt, og deira improvisatoriske tilnærming gjer kvar konsert til ei unik oppleving.

Erlend Apneseth Trio gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong

Opplev Apneseth Trio på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 275,-

Apneseth trio
Fredrik Rysjedal // Apneseth Trio

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Eit av dei mest innovative og aktive banda i Noreg. Lyden av norsk folkemusikk møter jazz og elektronika. Med Erlend Apneseth, Stephan Meidell og Øyvind Hegg Lunde. Levande filmredigering av Klara Sofie Ludvigsen og Fredrik Rysjedal.