Erlend Apneseth

Ein av landets leiande felespelarar.

Erlend Apneseth har motteke ei lang rekke prisar, deriblant Grappas Debutantpris, Rolf Gammlengs pris, NOPA-prisen, samt fem nominasjonar til Spellemannprisen. Han har skrive bestillingsverk til blant anna Kongsberg Jazzfestival, Førdefestivalen og Ultima, og samarbeida i 2021 med komponisten Ørjan Matre om eit nytt verk for hardingfele og Det Norske Kammerorkester. Apneseth har forutan folkemusikken fordjupa seg i improvisasjon og alternative klang- og pizzicato-teknikkar på hardingfela, og står fram som ein utøvar med eit heilt særeige uttrykk. «Det er folkemusikken som demonstrerer sin evige gyldighet, ikledd samtidens smakfulle innfall. Erlend Apneseth gjør folkemusikken viktig igjen»

Erlend Apneseth gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Erlend Apneseth på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 14.00
Pris: 275,-

Aust og Vest
Erlend Apneseth // Karin Nakagawa

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Meistermøte mellom tradisjon og improvisasjon med Erlend Apneseth (NO) og Karin Nakagawa (JP).

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett

6. nov., 2022
kl 15.00
Pris: 375,-

Atterklang
Erlend Apneseth // Terjungensemble // Karl Seglem // Det Norske Jentekor // Sigurd Fischer Olsen

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Ei verdig avslutning på ekkoet med Det Norske Jentekor, Terjungensemble, Karl Seglem og Erlend Apneseth.

Kjøp billett