festivalkunstnar 2023
Fotografiet har vore med Elisabeth Emmerhoff i heile hennar vaksne liv. Som fotografstudent i London og med ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen, har fotografiet stadig fått prøva seg på nye innfallsvinklar. Elisabeth Emmerhoff er interessert i møta, oss menneske imellom. Å vera i augneblinken, for å prøva å fanga det som ligg i det, med kameraet. Ho bur på Grønsnes, ein fruktgard på Jåstad i Sørfjorden. Elisabeth Emmerhoff har gjort fleire fotoprosjekt som tek utgangspunkt i Hardanger sin særeigne kultur, og vart difor det naturlege val som festivalkunstar med tematikken GRØDE. På Opedalstunet kan bileta hennar opplevast gjennom heile festivalveka. Ta turen innom! Elisabeth Emmerhoff gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
31. aug., 2023
kl 16.00
Pris: 170,-
Konsertarena: Opedalstunet
Vernissage for årets festivalkunstnar Elisabeth Emmerhoff. Sigurd Sverdrup Sandmo gjev saman med vokalgruppa Små Grå eit kræsjkurs i færøyske balladar og satiriske dikt. Eit glas Hardangersider inkludert i billetten.