75-årsjubilanten er ein unik korskule som har vorte eit symbol på ekkoet mellom tradisjon og nyskaping.
Det Norske Jentekor vart oppretta som NRK sitt jentekor i 1947, og vert feira i sitt jubileumsår som ein av våre sterkaste ambassadørar for både det nyskapende og tradisjonelle. Sidan 2005 har Anne Karin Sundal-Ask vore koret sin kunstnariske leiar og dirigent, og vart i 2019 kåra til “Åretsutøver” av Norsk Komponistforening for sin unike innsats for norsk samtidsmusikk. Det Norske Jentekor har etablert seg som eitt av ensembla som har bestilt og urframført flest nye verk, og er blant dei som norske nolevande komponistar aller helst skriv for. Dei har vakse seg til ein engasjert og aktuell kulturaktør som samarbeidar regelmessig med eit breidt spekter av profesjonelle utøvarar innan mange genre.
Med sin kunstnariske profil, som er både nyskapande og tradisjonell, har DNJ ei målsetting om å skapa sterke uttrykk som rører publikum så vel som songarar. Utdanninga dei gjev sine talentfulle jenter er unik, med ein kombinasjon av undervising i musikkteori, ensemblesong, dirigering, individuelle songtimar, og konsertar og turnear i inn- og utland. DNJ er ei toppsatsing og ambisjonen er å vera heile Noreg sitt jentekor.Koret er også ein ettertrakta aktør på dei store nasjonale høytidsmarkeringar. DNJ består av i alt ca 100 jenter fordelt over 4 aldersgrupper frå 6-26 år. Til Hardanger Musikkfest kjem Studiokoret (15-26 år), med musikk både frå sitt folkemusikkrepertoar og nyskrive verk.
Det Norske Jentekor gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 15.00
Pris: 375,-
Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal
Ei verdig avslutning på ekkoet med Det Norske Jentekor, Terjungensemble, Karl Seglem og Erlend Apneseth.