komponist
Craig Farr kjem frå Hertfordshire, i England, men bur no i Bergen. Han har bachelor i både slagverk og komposisjon, og høyrer til den såkalla Morten Eide Pedersen-skulen ved Griegakademiet. Den rytmiske legninga hans pregar store delar av musikken. Ein annan påverknad er at han like gjerne spelar med popband som Kings of Convenience som med Bergen Filharmoniske Orkester, og han rører seg saumlaust mellom sjangrane. Til dagleg spelar han i Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet (SFMK). Til Hardanger Musikkfest 2023 har Craig Farr utvikla prosjektet VASSKANINEN for Ullensvang Skulemusikklag og medlemmer av BIT20 Ensemble.
1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ullensvang Skulemusikklag har sjølve delteke i utforminga av innhaldet på denne konserten. Med seg på laget: komponist Craig Farr og perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra Bit20-ensemble. Pianist Ingfrid Breie Nyhus møter også lokal leikarring med sitt Slåttepiano. Under 18 år gratis inngang.