Christian Ihle Hadland

Christian Ihle Hadland har etablert seg som ein av våre mest framåtstormande pianistar.

Han debuterte som solist med Kringkastingsorkestret som 15-åring, og har sidan spelt med alle dei leiande orkestra i Skandinavia. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2011, då han vart plukka ut til å delta i det prestisjetunge BBC New Generation Artist. Høgdepunktet var då han under BBC Proms framførte Beethovens Klaverkonsert nr. 2 med Oslo-Filharmonien under Vasily Petrenko. Ihle Hadland er også ein etterspurd kammermusikar, og har sidan 2010 vore kunstnarleg leiar for Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Han opptrer jamnleg i Wigmore Hall, og har arbeidd med musikarar som Janine Jansen, Truls Mørk, Clemens Hagen og Tabea Zimmermann. Han har fleire kritikerroste innspelingar bak seg, mellom anna innspelinga «Holberg Suite» med ensemblet 1b1, som mottok Spellemannprisen i 2014.

Opplev Christian Ihle Hadland på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2021
kl 20.00
Pris: 350,-

Jubileumsfest
Christian Ihle Hadland // Ernst Simon Glaser // Kviven Duo

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Hardanger Musikkfest feirar 25 år med musikk, mat og soger.

5. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 350,-

Vårofferet
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen // Christian Ihle Hadland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

Kjøp billett