Camilla Spidsøe Cohen

Ein av Noregs fremste samtidsdansarar!

Camilla Spidsøe vart tilsett i Nasjonalballetten i 2013, etter ti år som ein av Noregs fremste samtidsdansarar i mellom anna Carte Blanche. Her gjekk ho rett inn i berande rollar i Johannessens Scheherazade, Proiettos Cygne og Ekmans A Swan Lake – som alle vart skapt for ho – i tillegg til fremståande partiar i ballettar som Strømgrens Suite og Kyliáns Gods and Dogs og Soldiers’ Mass. I februar 2019 mottok Camilla Spidsøe «Aase Byes Minnepris» for 2018. Hausten 2013 mottok ho Tom Wilhelmsens opera- og ballettpris, hausten 2014 dansa ho rolla som fru Alving i Moum Aune og Espejords Ghosts – Ibsens Gengangere – og vart utnemnt til solist. Ho har også dansa fremståande partiar i Forsythes Steptext, Øyens Timelapse, og Strømgrens Lamentate, samt rollar som Lady Capulet i Romeo og Julie, Madame i Manon og Grevinne Lydia Ivanovna i Anna Karenina.

Opplev Camilla Spidsøe Cohen på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 350,-

Vårofferet
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

5. nov., 2021
kl 21.00
Pris: 350,-

Vårofferet (ekstra framsyning)
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

Kjøp billett