Birgit Djupedal

komponist

Birgit Djupedal komponerar akustisk musikk for alle slags ensemble. Musikken hennar har både tradisjonell harmonikk, meir fri tonalitet, gjerne innspel av performance og med ein politisk brodd. Komposisjonsutdanninga henner er fra Iceland University of the Arts der ho fullførte masteren sin i 2018. Elles er ho utdanna som musikkvitar og kantor frå NTNU. Nobur ho i Oslo og jobbar som komponist og musikar, og er prosjektleiar for Orkesteråret 2024.

Verka hennar har bla. blitt framført under Festspillene i Bergen, Norsk salmefestival, Nordland musikkfestuke, Nordic Music Days, Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, Trondheim kammermusikkfestival, Ultima, Sumartónleikar í Skálholti (IS) , Óperudagar í Reykjavík (IS), blitt vist på RÚV (islandsk tv) og vore ein del av The European Year of Cultural Heritage.

Til Hardanger Musikkfest 2022 har ho skrive bestillingsverk til Terjungensemblet.

Opplev Birgit Djupedal på Hardanger Musikkfest

3. nov., 2022
kl 17.00
Pris: 130,-

Føreleik: Lydspor frå ei uventa tid
Nils Henrik Asheim // Birgit Djupedal // Sigurd Fischer Olsen // Tyler Futrell // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim

Varm opp til festival med eit glas Hardangersider og festivalkomponistane Nils Henrik Asheim, Birgit Djupedal, Sigurd Fischer Olsen og Tyler Futrell i samtale med Sigurd Sandmo.

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett