Berit Norbakken

Berit Norbakken tilhøyrer eliten blant våre (skandinaviske) sopranar. Etter avslutta diplomstudium ved Norges Musikkhøgskole vann ho i 2006 Rikskonsertene si prestisjefylte tevling INTRO-klassisk. Dette leia mellom anna til eit tett samarbeid med Bjarte Eike og Barokksolistene. For deira innspeling "The Image Of Melancholy" hausta ho strålande kritikkar i både inn- og utland.

I tillegg til å vera ein hyppig brukt solist i oratorier, pasjonar og messer har ho gjeve solokonsertar ved de tyngste festivalane i Noreg. Dei siste åra har ho også sunge opera med stor suksess. Seinast i ein scenisk nyproduksjon av Johannespasjonen av Bach, regissert av Calixto Bieito, ved Theatro Arriaga/Bilbao.

Ho har utvikla eit nært samarbeid med Juanjo Mena, som ha har jamnlege engasjement med. Saman med BBC Philharmonic, under leiing av Mena, har ho hausta gode kritikkear for innspillinga av vokalmusikken til Juan Crisostomo Arriaga.

Ho er stadig solist med leiande orkester og dirigentar i dei største konserthusa, som Sydney Opera House saman med Anima Eterna Brugge, leia av Jos van Immerseel, Tokyo Opera City Hall med Tokyo Philharmonic Orchestra og dirigent Mikhael Pletnev, og dirigentar som Robert King, Daniel Reuss, Erik Nielsen, Andreas Spering, Olof Boman og Ottavio Dantone.

Neste sesong inkluderer konserter over heile Europa og i Noreg.

Opplev Berit Norbakken på Hardanger Musikkfest

30. okt., 2020
kl 18.00
Pris: 300,-

Opningskonsert: Fjordvake
Sveinung Bjelland // Magnus Staveland // Nils Henrik Asheim // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Velkomen til stor opningkonsert i kammermusikkens teikn med Sveinung Bjelland, Magnus Staveland, Berit Norbakken, Tine Thing Helseth og Nils Henrik Asheim i Ullensvang kyrkje.

31. okt., 2020
kl 12.00
Pris: 250,-

Ljos
Sveinung Bjelland // Ruth Wilhelmine Meyer // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth // Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Lysande kammermusikk i haustmørket med Berit Norbakken, Tine Thing Helseth, Sveinung Bjelland og Nils Henrik Asheim på podiet.

Kjøp billett

1. nov., 2020
kl 15.00
Pris: 350,-

Barokkraft
Barokksolistene // Magnus Staveland // Tora Augestad // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Vellyd og kraft i Tyssedal! Ei fargesprakende storhending i Kraftkatedralen! Bjarte Eike og Barokksolistene toppar laget med Berit Norbakken, Magnus Staveland, Tine Thing Helseth og Tora Augestad.

Kjøp billett

1. nov., 2020
kl 20.00
Pris: 350,-

Oppskåka
Tora Augestad // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth // Alexander Røynstrand // Erlend O. Nødtvedt // Helge Lien // Magnus Staveland // Nils Henrik Asheim // Sveinung Bjelland // Ruth Wilhelmine Meyer

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt musikalske preikeprogram. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile!

Kjøp billett