Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester

Har etablert seg som ei betydningsfull satsing på talentutvikling innan klassisk musikk og ensemblespel.

BFUng har full symfonisk besetning og medlemane kjem frå heile landet. BFUng er i dag det fremste ungdomssymfoniorkesteret i Noreg som ikkje er prosjektorientert, men som er i kontinuerleg drift gjennom heile året. Orkesteret har no 120 medlem mellom 15 og 25 år.BFUng har sine månadlege samlingar i Grieghallen i Bergen. Hovuddirigent er Kjell Seim, ein av Noregs viktigaste inspirator for unge orkestermusikarar. I tillegg til Kjell Seim dirigerer Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent Edward Gardner eitt prosjekt per sesong.

BFUng har vore ein del av Musikkselskapet Harmonien-familien sidan 2015. Musikkselskapet Harmonien omfattar også Bergen Filharmoniske Orkester og Bergen Filharmoniske Kor. Opprettelsen av BFUng var eit av Bergen Filharmoniske Orkester sine viktigaste initiativ i 250-års jubileumsåret 2015. Orkesteret byggjer på det tidligare Ung Symfoni, som har eksistert i bortimot 20 år, og som har vore Noreg sitt einaste heilårs ungdomssymfoniorkester.Ambisjonen for BFUng er å vera eit flaggskip blant ungdomssymfoniorkestra i Noreg, gjennom eit tett samarbeid med moderensemblet Bergen Filharmoniske Orkester, dets musikarar og gjestande solistar og dirigentar. Orkesteret vert drive av Musikkselskapet Harmonien, og er fundert på eit samarbeid med Griegakademiet og Barratt Due Musikkinstitutts avdeling i Bergen.

BFUng gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-

Tenniskonsert med BFUng
Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester // Kjell Seim // Mina Gursli Langesæter // Sigurd Fischer Olsen // Gunilla Süssmann // Florian Donderer // Hanna Kallestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.