Bergen Domkor

Bergen Domkor vart etablert hausten 2009 og er rekna som eit av Noregs fremste kammerkor.

Domkoret konserterer hyppig gjennom heile året, mest i Bergen, men og på turnear i Bjørgvin bispedømme og utanlands. Koret samarbeider jamnleg med profesjonelle musikarar og ensemble, og legg vekt på å skapa interessante program med spanande repertoar. Med ein god blanding av kjent og ukjent, gamalt og nytt, søkjer ein å gje publikum store konsertopplevingar.

Opplev Bergen Domkor på Hardanger Musikkfest

30. mai, 2020
kl 19.00
Pris: 400,-

Barokkgalla
Nordic Voices // Bergen Domkor // Barokksolistene // Elin Rombo // Tora Augestad // Magnus Staveland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Ein festaftan av dei sjeldne på eit av våre hovudarrangement i storstova Fjordahallen. Bjarte Eike & Barokksolistene saman med Bergen Domkor, Nordic Voices og lokale kor lovar ein fargesprakande kveld.

31. mai, 2020
kl 14.00
Pris: 300,-

Griegvitjing
Bergen Domkor // Kviven Duo

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Bergen Domkor & Kviven Duo med eit heilnorsk program.

Kjøp billett