Barokksolistene

Barokksolistene er eit tidlegmusikk-ensemble med barokkfiolinisten Bjarte Eike som spelande kunstnarisk leiar.

Ensemblet består av musikarar på solistnivå, alle blant dei fremste på sine instrument i Norden og Europa. Barokksolistene er tenkt som ein møteplass kor dyktige musikarar kan utfalda seg. Gjennom Eike sine dedikerte, gjennomtenkte og nyskapande program og musikarane sine virtuose spel, formidlar ensemblet barokkmusikk med tryggleik til eit breidt publikum. Konsertane deira vert ofte omtala som leikande og grensesprengande. Sidan etableringa i 2005 har Barokksolistene opplevd ein betydeleg suksess og har hatt store oppgåver ved ei rekkje festivalar rundt om i Europa, Storbritannia og USA.

Opplev Barokksolistene på Hardanger Musikkfest

31. okt., 2020
kl 21.00
Pris: 250,-

Barokksolistene presenterer: Den engelske ølstova
Barokksolistene

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Opplev popmusikk frå barokken i ei forrykande konsertoppleving på Krossvoll.

1. nov., 2020
kl 15.00
Pris: 350,-

Barokkraft
Barokksolistene // Elin Rombo // Magnus Staveland // Tora Augestad

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Vellyd og kraft i Tyssedal! Ei fargesprakende storhending i Kraftkatedralen! Bjarte Eike og Barokksolistene toppar laget med Elin Rombo, Magnus Staveland og Tora Augestad.

Kjøp billett