Austestad

Hans Martin Austestad er anerkjent strengemusikar og banjoist, songskrivar og artist. Han har blitt nominert til Spellemannsprisen heile tre gonger for sitt arbeid med bluegrassbanda Earlybird Stringband og Løkki.

Hans Martin Austestad er anerkjent strengemusikar og banjoist, songskrivar og artist. Han har blitt nominert til Spellemannsprisen heile tre gonger for sitt arbeid med bluegrassbanda Earlybird Stringband og Løkki.

Han er ein talentfull songskrivar og strengeinstrumentalist som har skapt eit hjartevarmt musikkunivers som spenner frå ærleg country til sjelfull vise og tankevekkande singer/songwriter-komposisjonar. Under konserten på vår festival vil han by på ei sjeldan oppleving ved å tolke norsk slåttemusikk på sin femstrengsbanjo.

Han gjorde sin solodebut på sin Eikelandsfjorske blandingsdialekt i 2015 med det kritikarroste albumet "Med Rentersrente", med radiospeling og mange minneverdige konsertar. Blant fire album slapp han sitt siste "Venterom" i fjor til gode kritikkar: Han leverer eit mangfaldig spekter av musikalske nyansar innanfor visepop-verda.

Dagsavisen: Austestads eigen musikkproduksjon er ein herleg blanding av ambisjon og leikenheit, med eit pop-hjarte og lekre avstikkarar til både country og visesong

Øyvind Rønning, Dagbladet Hans musikk er storslått, melodiøs og fengande, og det koker over av inspirasjon og kreativitet. Popklikk.no

Opplev Austestad på Hardanger Musikkfest

2. sep., 2023
kl 22.00
Pris: 350,-

Austestad på Krossvoll med gjestene Henrik Horge og Små Grå
Austestad // Små Grå // Henrik Horge

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Me er glade for å presentera Festkveld på Krossvoll med Hans Martin Austestad - og hans gjester vokalgruppa Små Grå og songar og skodespelar Henrik Horge, Austestad er anerkjent strengemusikar og banjoist, songskrivar og artist. Han har blitt nominert til Spellemannsprisen heile tre gonger for sitt arbeid med bluegrassbanda Earlybird Stringband og Løkki. Under konserten på vår festival vil han by på ei sjeldan oppleving ved å tolke norsk slåttemusikk på sin femstrengsbanjo. Som om ikkje dette var nok får han også med seg fantastiske Henrik Horge og sine tidlegare klassekamerater i Små Grå til å lage ein heilt spesiell liten konsertavdeling kun for publikummet på Krossvoll denne kvelden. Me gler oss til å ønske publikum velkomne til ein uforgløymeleg kveld på Hardanger Musikkfest. Forvent deg ei herleg oppleving fylt med vakre songar og meisterleg strengespel.