Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad

Are Lothe Kolbeinsen er musikar, komponist og lydkunstnar frå Trondheim. Han arbeider stort sett med eigeninitierte prosjekt og er ei aktiv stemme i den kreative musikkscenen i Noreg med konsertar i 20 land fordelt på 5 kontinent. Han studerte jazzgitar og komposisjon ved musikkonservatoriet, NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet). Han har undervist i gitar og improvisasjon ved Norges musikkhøgskole (2012-2019) og har halde diverse workshops i improvisasjon og utvida teknikker i inn-og utland. Han har gjort fleire bestillingsverk, installasjonar og interdisiplinære prosjekt i samarbeid med komponistar, forfattarar, skodeseplarar innafor fysisk teater, dansarar og visuelle kunstnarar.

Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland. Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal / song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore ein sentral del av uttrykket. Hennar samarbeidspartnarar de seinaste åra er den Montreal-baserte slagverkskvartetten Architek Percussion, og den London-baserte fiolinisten Mira Benjamin, samarbeidsprosjekter med Are Lothe Kolbeinsen og Anne Hytta i trioen Kaldestad. I november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.

Opplev Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2021
kl 17.00

Vernissage: “340 meter i sekundet”
Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad

Konsertarena: Alvavoll

Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen.

7. nov., 2021
kl 11.00
Pris: 200,-

Barneverkstad
Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad

Konsertarena: Alvavoll

Lytt til naturen i lag med Gyrid Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen. Høver frå ca 6 år.

Kjøp billett