Are Lothe Kolbeinsen

Are Lothe Kolbeinsen er musikar, komponist og lydkunstnar frå Trondheim.

Han er ei aktiv røyst på den kreative musikkscena i Noreg med konsertar i 20 land fordelt på fem kontinent. Han studerte jazzgitar og komposisjon ved musikkonservatoriet, NTNU. Han har undervist i gitar og improvisasjon ved Norges musikkhøgskole (2012–2019) og har halde diverse workshops i improvisasjon og utvida teknikkar i inn- og utland. Han har gjort fleire tingingsverk, installasjonar og interdisiplinære prosjekt i samarbeid med komponistar, forfattarar, skodespelarar innanfor fysisk teater, dansarar og visuelle kunstnarar.  

Opplev Are Lothe Kolbeinsen på Hardanger Musikkfest

28. mai, 2020
kl 17.00

Vernissage: 340 meter i sekundet
Gyrid Nordal Kaldestad // Are Lothe Kolbeinsen

Konsertarena: Alvavoll

Vernissage på Alvavoll: Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad & Are Lothe Kolbeinsen. Arrangementet er gratis, men plassreservasjon krevast for å vere sikker på plass.