Anne Hytta

Prislønna hardingfelespelar og komponist som arbeidar både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskriven musikk

Dei smidige linjeføringane i vår gamle tradisjonsmusikk er hennar utgangspunkt i alt musikalsk arbeid. Som frilansande musikar er ho involvert i ei rekkje ulike prosjekt, frå middelalder- til improvisasjonsmusikk, frå solo til større ensemble. I 2022 gav ho ut soloalbumet Gjennom dagen med eigenskrive musikk for solo hardingfele til gode kritikker. I 2023 kom utgjevinga BRIDGE for Telemark kammerorkester, - også denne fekk kritikarane til å jubla. Som 11-åring byrja Anne Hytta i hardingfelelære hjå spelemannen Einar Løndal (1914-2006) frå Tuddal i Telemark. Han kom frå ein familie av spelemenn i mange generasjonar, og faren Svein forma ut slåttar i eigen stil, seinare kalla Løndalspel, som på mange måtar er det musikalske morsmålet til Hytta. Anne Hytta gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Anne Hytta på Hardanger Musikkfest

31. aug., 2023
kl 18.00
Pris: 300,-

Opningskonsert: GRØDE
Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Høgtideleg opning med kammermusikalsk grøde. Anne Hytta spelar nylaga musikk for hardingfele frå prosjektet “Gjennom dagen”. Andreas Brantelid (cello) og Christopher Park (klaver) byr på musikk av Joseph Woelfl og Sergei Rachmaninov. Opningstale ved fruktbonde Harald Alvavoll.

31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Christopher Park // Små Grå // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid // Kouame Sereba // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.

Kjøp billett

1. sep., 2023
kl 11.15
Pris: 250,-

Musikalsk Brunsj
Anne Hytta // Andreas Brantelid

Konsertarena: Fløy bakeri

Kom tett på folkemusikar Anne Hytta og cellist Andreas Brantelid når dei framfører formiddagens tonar inne på Fløy Bakeri. Servering frå Fløy inkludert.

Kjøp billett

1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-

Musikalsk Grøde
Craig Farr // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Ingfrid Breie Nyhus // Anne Hytta // Anita Solheim Bråvoll // Strusshamn skoles musikklag // Ullensvang Leikarring // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 275,-

Unamna
Anne Hytta // Unni Løvlid // Ingfrid Breie Nyhus

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Unni Løvlid (vokal), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (piano, harmonium) gjer sine versjonar av Edvard Grieg sine 9 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Tradisjonelt, nyskapande og friskt, frå tre av dei mest spanande musikarane me har innan folkemusikken.

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

Kjøp billett

3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-

Avslutningskonsert i Kraftkatedralen
Mari Eriksmoen // Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.

Kjøp billett