Annabel Guaita

Annabel Guaita er pianist og lyttelos. Ho er jamnleg engasjert av Bergen Filharmoniske Orkester og Festspillene i Bergen.

Ho er jamnleg engasjert av Bergen Filharmoniske Orkester og Festspillene i Bergen. Gjennom utselde lyttelosføredrag, har ho i mange år klart å trollbinda publikum og opna dørene inn til klassisk musikk på eit vis som ikkje har vorte gjort tidlegare. Ho har lang røynsle som musikkformidlar, mellom anna som skulekonsertmusikar i Rikskonsertene og som instruktør i argentinsk tango. I 2014 tok ho ein kunstnarisk doktorgrad på Fartein Valen sin klavermusikk. Fra 2016-18 var ho formidlingsleiar på Komponistheimane i KODE.