Annabel Guaita

Annabel Guaita er klassisk pianist med ei kunstnarisk doktorgrad på Fartein Valen sin musikk. Under konseptnavnet Lyttelos held ho konsertforedrag der ho formidler klassisk musikk på heilt nye måtar – så publikum får meir ut av lytteopplevinga. På Alvavoll held ho foredrag om musikk og smak i samarbeid med smaksforskar Janice Wang.

Opplev Annabel Guaita på Hardanger Musikkfest

9. juni, 2019
kl 11.00
Pris: 250,-

Sans for sider
Annabel Guaita

Konsertarena: Munkekjellaren på Alvavoll

Ulike sanseinntrykk påverkar kvarandre. Musikk kan påverke korleis vi oppleve mat – og omvendt. I denne konserten utforskar vi korleis vårt eige sanseapparat kan bli ein inngang til å oppleve musikk på ein ny og annleis måte. Kva skjer i hjernen når vi høyrer to melodiar på ein gong? Kva skjer når ein smak treffer ein annan? Korleis smakar Geirr Tveitt sin musikk? Kva for tonehøgder korresponderar med surt, salt og søtt? Vi kombinerer fire korte musikkstykke av Geirr Tveitt, Edvard Grieg, Maurice Ravel og Fartein Valen med ulike sidersortar frå Alvavoll sidergard. På fjøla har vi bitar av norskproduserte ostar.

9. juni, 2019
kl 15.30

Notelangs med kaker og kaffe
Annabel Guaita

Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim

Med Annabel Guaita, Maria Kinsarvik, Maia Urstad, Craig Farr og Therese Ulvo. Arrangementet er gratis utan bilettsal.

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 21.00
Pris: 300,-

Oppskåka
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad // Amalie Stalheim // Annabel Guaita // Nils Økland // Håkon Stene // Kristin Skaare // Joachim Carr // Maria Tryti Vennerød // Mats Eilertsen // Eir Inderhaug // Thormod Rønning Kvam // Leander Djønne // Arvid Resare

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vårt musikalske preikeprogram. Festivalleiinga inviterer artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den siste festivalkvelden med mat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Lett servering inkludert i billetten! Vertskap: Therese Birkelund Ulvo & Tora Augestad

Kjøp billett