Anna-Maria Hefele

Ein multiinstrumentalist, songar og overtone-songar!

Anna-Maria Hefele er eit musikalsk fenomen. Ho bevegar seg mellom forskjellige vokalteknikkar - frå klassisk til polyfonisk overtone-song - og følgjer seg sjølv perfekt med uvanlege instrument som harpe og svensk nyckelharpa. Ho presenterer allsidigheit i eit soloprogram som vil overbeskatta dei fleste songarar: skandinavisk og italiensk 1500-talls folklore, musikk frå Brian Eno og hennar eigne komposisjonar. Anna-Maria Hefele mogeleggjer kjenslemessig eterisk og gjennomgripande deltaking, samt gjev rom for si eiga draumeeverd.

Anna-Maria Hefele - innehavar av ein Master of Arts (MA) frå Mozarteum Salzburg - er ein multiinstrumentalist, songar og overtone-songar; opptrer over heile verda som solist med forskjellige ensemble, kor og orkester. Ho er og ofte integrert i moderne ballett-, sirkus- og dansteaterproduksjonar. For å utvida det musikalske repertoaret med overtone, samarbeider Anna-Maria med samtidskomponistar som skriv for akkurat denne vokalteknikken der det verkar som om ein person syng to. YouTube-videoen hennar "polyphonic overtone singing" gjekk viralt og har resultert i meir enn 18 millionar visningar så langt, etterfylgt av regelmessige opptredenar i internasjonale TV-show og radiosendingar. „Ei røyst som frå ei anna verden“ og andre overskrifter har spreidd seg over heile verda.

Opplev Anna-Maria Hefele på Hardanger Musikkfest

7. nov., 2021
kl 13.30
Pris: 350,-

RITUS
Anna-Maria Hefele

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Stemmemagi og overtonar med fenomenet Anna-Maria Hefele.