durspel og trekkspel
Anita Solheim Bråvoll er busett i Kinsarvik, opprinneleg frå Andebu i Vestfold. Byrja å spela toradar som lita jente i 1981 og elska det frå fyrste belgedrag. Har sidan vort ein kjendutøvar i durspel- og folkemusikkmiljøet, og har lang erfaring både som solist og i samspel med andre. Fleire gongar kåra til noregsmeister på durspel. Mangeårig lærar i kulturskulen i Ullensvang og fast «spelekvinne» for leikarringen på Lofthus. Gav i 2022 ut sitt soloalbum «Dansær himætte» der ho på sin måte har overført dokumentert felemusikk frå 1800-talets Vestfold til durspill. Arrangør av den årlege Blømingsfestivalen i Kinsarvik.
1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).