Andreas Brantelid

Ein av dei mest etterspurde utøvarane i Skandinavia.

Andreas Brantelid får rosande omtalar over heile verda for dei tankevekkjande tolkingane sine, den unike klangfargen og den engasjerande personlegdomen. Han vart fødd i København i 1987 og har foreldre frå Sverige og Danmark. Den første opplæringa fekk han av far sin, cellisten Ingemar Brantelid, og han debuterte som solist som 14-åring, då han framførte Elgars cellokonsert med Det Kongelige Kapel i København. I 2018 vart Brantelid kunstnarleg leiar av Stavanger internasjonale kammermusikkfestival i lag med pianist Christian Ihle Haddeland. Andreas Brantelid spelar på ein «Boni-Hegar»-Stradivarius frå 1707, som er stilt til disposisjon for han med støtte frå den norske kunstsamlaren Christen Sveaas. Andreas Brantelid gjesta førre gong Hardanger Musikkfest i 2009.

Opplev Andreas Brantelid på Hardanger Musikkfest

31. aug., 2023
kl 18.00
Pris: 300,-

Opningskonsert: GRØDE
Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Høgtideleg opning med kammermusikalsk grøde. Anne Hytta spelar nylaga musikk for hardingfele frå prosjektet “Gjennom dagen”. Andreas Brantelid (cello) og Christopher Park (klaver) byr på musikk av Joseph Woelfl og Sergei Rachmaninov. Opningstale ved fruktbonde Harald Alvavoll.

31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Christopher Park // Små Grå // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid // Kouame Sereba // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.

Kjøp billett

1. sep., 2023
kl 11.15
Pris: 250,-

Musikalsk Brunsj
Anne Hytta // Andreas Brantelid

Konsertarena: Fløy bakeri

Kom tett på folkemusikar Anne Hytta og cellist Andreas Brantelid når dei framfører formiddagens tonar inne på Fløy Bakeri. Servering frå Fløy inkludert.

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

Kjøp billett

3. sep., 2023
kl 12.00
Pris: 300,-

Griegvitjing 2023
Andreas Brantelid // Ingfrid Breie Nyhus // Christopher Park

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Andreas Brantelid, Ingfrid Breie Nyhus og Christopher Park i eit heilnorsk kammermusikalsk program frå jubilanten Thomas Tellefsen til Ingfrid Breie Nyhus sine eigne komposisjonar. Grieg er sjølvsagt også med, og me får blant anna Bryllupsdag på Troldhaugen.

Kjøp billett