Øyvind Hegg-Lunde

Trommeslagar og komponist

Øyvind Hegg-Lunde er fødd og oppvaksen i Lærdal og har bakgrunn frå både rock, pop, jazz og improvisert musikk. Han spelar med blant anna Erlend Apneseth Trio, Building Instrument, Strings & Timpani, Electric Eye og José González sitt band Junip. Han mottok Spellemannprisen saman med Erlend Apneseth Trio i 2019 og har komponert bestillingsverk for blant andre Ultimafestivalen, Henie Onstad Kunstsenter, Ekkofestivalen. I 2021 mottok han Vossajazz-prisen, i tillegg til EDVARD-prisen saman med Stephan Meidell for albumet Voice & Strings & Timpani.

Opplev Øyvind Hegg-Lunde på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

6. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Sølepytten - for familien
Fredrik Rysjedal // Karin Nakagawa // Øyvind Hegg-Lunde // Stephan Meidell

Konsertarena: Lofthus, Hotel Ullensvang

Teikneforestilling med Fredrik Rysjedal. Opplev den mystiske sølepytten i det den vert teikna fram på storskjerm. Musikalsk fylgje av Karin Nakagawa, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidel. Passar for heile familien. Hotel Ullensvang tilbyr familiepakke på bading og lunsj i etterkant av arrangementet.

Kjøp billett